Velkomen til prosjektbloggen for soge- og dokumentasjonsnemnda til Norsk Målungdom.
På denne sida vil vi publisere nyhende omkring prosjektet. I menyen til venstre finn du sider med meir informasjon om prosjektet og materiale som har blitt publisert i laupet av prosjektet.
Digital utstilling publisert
Korleis ser det ut når unge tek kampen om språket, og kan engasjerte unge endre den språklege framtida? Sidan 1961 har ungdommar og unge vaksne i Norsk Målungdom organisert, argumentert og demonstrert for nynorsk. Frå starten har dei påverka og endra norsk språkpolitikk.
I nettutstillinga Ungt språkengasjement fortel Nynorsk kultursentrum soga om Norsk Målungdom og brukar historia om organisasjonen som eit døme på korleis unge engasjerer seg.
Du kan sjå utstillinga her: https://www.nynorsk.no/ungt-sprakengasjement/

Gamle banner ute på digitaltmuseum.no
Nynorsk kultursentrum har gått i gang med å fotografere og leggje ut bilete av gamle banner som Norsk Målungdom har brukt opp gjennom tidene. Du kan finne bilete av bannera, i tillegg til andre gjenstander frå samlinga her.

Vil mållaget ditt stø prosjektet?
Gode mållag!
Norsk Målungdom blir 60 år i 2021, og har då bak seg seks tiår med målstrid, språkpolitikk og ungdomleg mobilisering. Til jubileet har vi sett oss eit mål om å få ordna arkiva våre og få til ei skikkeleg framstilling av soga til organisasjonen. Historia til og om NMU er lite dokumentert. Det er skrive fleire bøker om nokre av dei største lokallaga, som sjølvsagt gjev eit bilete av resten av samskipnaden. Men det finst ikkje ei større, samla framstilling av ungdomsorganisasjonen frå 1961 til tida vår.
Ved årsskiftet blei første del av prosjektet ferdig. Arkivet etter Norsk Målungdom blir no teke vare på av profesjonelle ved Riksarkivet og ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta. Det har vore eit stort og viktig skritt på vegen.
No kontaktar vi alle lokallaga i Noregs Mållag for å be om økonomisk støtte til den siste delen av prosjektet, nemleg utgjevinga av ei bok. Boka skal gje eit innblikk i soga til organisasjonen, og vil ta opp mange tema og aksjonar som vi reknar med mange som i dag er med i «vaksenmållaga» vil kjenne seg att i. Vi håpar de har høve til å støtte prosjektet vårt.
Boka skal innehalde både lengre artiklar, intervju og kortare tekstar. Vi engasjerer forfattarar med gode pennar og med røynsle frå organisasjonen til å skrive tekstar til boka. Målet er at boka skal gje eit godt innblikk i soga til organisasjonen, og vise kor viktig Norsk Målungdom har vore for målsaka og samfunnsutviklinga dei siste seksti åra. Vi har sett ned eit redaksjonsråd som skal kome med innspel til forfattarane, og som er med på å bestemme korleis boka skal vera, både i form og innhald.
Utgjevinga er planlagt til oktober. De kan lese meir om prosjektet på prosjektbloggen vår her. De er sjølvsagt og velkomne til å kontakte oss på e-post.
Dersom mållaget dykkar har høve til å stø prosjektet økonomisk, set vi stor pris på dette. Alle bidrag er like kjærkomne. Vi ber dykk om å setje over pengar til kontonummer 3450.65.48707. Marker innbetalinga med JUBILEUM og namnet på lokallaget.
Alle mållag som stør prosjektet får namnet sitt i boka. Dei laga som gjev 500 kroner eller meir vil få boka tilsendt. Du kan sjå kva mållag som har løyvd pengar nedst på denne sida (lenke).
Med venleg helsing prosjektnemnda
Fredrik Hope
Kirsti Lunde
Karl Peder Mork
Martine Rørstad Sand
Janne Nygård
Arkivverket har mottatt arkivet
Arkivverket har i dag mottatt dei siste delane av arkivet. Med det står heile papirarkivet etter sentrallekken hjå arkivmyndigheitene i Riksarkivbydninga i Oslo. Dei er opne og tilgjengelege.
Du kan sjå detaljar om avleveringane (1992, 1997 og 2021) på arkivportalen.no.
Årsmelding for nemnda
Du kan lesa følgjande om prosjektet i årsmeldinga for Norsk Målungdom for 2020:
Soge- og dokumentasjonsnemnda har hatt i oppgåve å halde fram arbeidet med soga vår gjennom eit eit arkiv- og formidlingsprosjekt. Prosjektet skal bidra til at vi og andre lærer meir om soga til NMU, dei kampane vi har vore involverte i heilt sidan skipinga i 1961 og korleis unge har bidratt til målsaka. Vi skal ordne arkiva våre, tette hol i samlingane til Nasjonalbiblioteket og gjere arkivmateriale tilgjengeleg både for organisasjonen og ålmenta.
Nemnda har hatt 14 møte, både fysiske og digitale, og hatt jamleg kontakt utanom møta. Redaksjonsrådet har hatt fire møte. Nemnda har hatt dugnadar for å ordne materiale og ta i mot meir arkivmateriale frå tidlegare målungdomar i Oslo, organisert arbeidet i redaksjonsrådet og skrive søknadar om støtte til prosjektet. Dei har fått tilsegn på søknaden om støtte til formidlingsprosjektet frå Kulturrådet. Dei fylgt opp prosjektskisse for arkiv- og formidlingsprosjektet. Som del av prosjektet har dei halde fram å skaffe oversyn over arkiv og publikasjonar etter Norsk Målungdom, lokallaga og student- og elevmållag før 1961.
Vi har halde fram arbeidet med å dokumentere organisasjonen fram mot 60 årsjubileet i 2021. Arkivet som var på lageret på Økern, i Bergen og på skrivarstova var ferdig ordna av stiftinga Asta i desember 2020. Dei er i gang med å avlevere fotoarkivet og gjenstandar til Nynorsk kultursentrum i Ørsta, arkivet til Studentmållaget i Bergen og Vestlandske målungdom til Statsarkivet i Bergen og arkivet etter Norsk Målungdom sentralt til Riksarkivet i Oslo. Musea i Akershus har takka ja til å ta i mot arkivet til Elevmållaget ved Stabekk høgere skole. Nemnda har arbeidd med å samle inn meir arkivmateriale, foto og tilsvarande frå tidlegare målungdomar. Nemnda og skrivarstova er i gang med å organisere materialet som skal til Nasjonalbiblioteket, og eventuelt meir materiale som skal til Nynorsk kultursentrum.
Vi har laga og oppdatert eit oversyn over kva NMU har publisert, og gitt Nasjonalbiblioteket løyve til å digitalisere gamle medlemsblad, tidsskrift og bøker frå dei fleste studentmållaga og sentrallekken. Motmæle har fortsett med å intervjue tidlegare målungdommar om samskipnaden på deira tid. Nynorsk kultursentrum skal lage ei nettutstilling om ungt språkengasjement om soga til Norsk Målungdom, og ei vandreutstilling til folkebiblioteka om dialektbruk i Noreg, der dialektaksjonane til Norsk Målungdom er ein viktig del. Landstyret sette ned eit redaksjonsråd for å førebu utgjeving av ei bok eller eit hefte i samband med jubileet, etter råd frå soge- og dokumentasjonsnemnda.
Kulturrådet stør formidlingsprosjektet
Vi har i dag mottatt ei løyving frå Kulturrådet som skal gå til formidlingsdelen av prosjektet. Vi takkar for støtten!
Vi vil ha gull frå kjellaren din!
Mange tidlegare målungdomar har rester etter målungdomstida si i skuffar og skap, på loft og i kjellar. Vi tar det gjerne imot!
Ta kontakt med nemnda eller skrivarstova i Norsk Målungdom som vil formidle vidare.

Faksimile frå Norsk Tidend 1/2021
Biletesamlinga på plass i Ørsta
Vi fekk i dag bilete frå våre samarbeidspartnarar ved Nynorsk kultursentrum med melding om at biletesamlinga etter Norsk Målungdom hadde kome fram og er plassert på hyllene i magasinet i Ørsta.
Biletesamlinga vil etter kvart bli digitalisert ved institusjonen og gjort tilgjengeleg.

Første møte i redaksjonsrådet
Redaksjonsrådet hadde i dag sitt første møte.
Redaksjonsrådet blei sett ned i desember 2020, og arbeider med korleis dei skriftlege framstillingane i prosjektet skal vera, både i form og innhald. Redaksjonsrådet gir og respons på tekstar som skal publiserast. Ein medlem i prosjektnemnda fungerer som skrivar for redaksjonsrådet.
Tidsskrift blir sorterte og sende til Nasjonalbiblioteket
I dag kom samlinga av eigenproduserte trykk tilbake til kontoret vårt. Planen er å sortere innhaldet og sende det til Nasjonalbiblioteket.
Nasjonalbiblioteket sit på dei fleste utgåvene av NMU sine medlems- og meldingsblad opp gjennom tidene. Nokre utgåver manglar desverre. Eit mål med arkivprosjektet har derfor vore å dekkje desse hòla med utgåver som finst i arkivet.
Nasjonalbiblioteket digitaliserer blada. Dei blir tilgjengelege på nb.no. I menyen til venstre finn du lenke til desse.

Møte med Nynorsk kultursentrum
Nemnda har i dag eit møte med Nynorsk kultursentrum. Temaet for møtet var ei framtidig utstilling om Norsk Målungdom og dialektrørsla.
Vi gler oss til samarbeidet framover!
Materiale blir avlevert
Første ledd i avleveringa av materiale som har blitt ordna hjå Asta kom i dag tilbake til våre lokale i Oslo. Det dreier seg i hovudsak om ei boksamling og nokre eigne trykk som seinare skal gå vidare til Nasjonalbiblioteket.
I dei neste vekene vil dei ulike delane av arkivet leverast til samarbeidspartnarane våre: Riksarkivet i Oslo, Riksarkivet i Bergen og Nynorsk kultursentrum i Ørsta.
Første møte i det nye året
Prosjektnemnda har i dag sitt første møte i 2021.
Prosjektnemnda blir utvida
Sentralstyret i Norsk Målungdom har utvida prosjekta med to medlemer. Desse er Martine Rørstad Sand og Janne Nygård. Vi ønskjer dei velkomne i nemnda!
Nemnda er utvida for å auke arbeidskapasiteten no som prosjektet går inn i sin neste fase: formidlingsfasen.
Arkivet er ferdig ordna
Ei viktig milepåle er nådd: Arkiva etter Norsk Målungdom er ferdig ordna. No gjenstår godkjenning av lister av Arkivverket, og den siste klargjeringa. Arkiva blir levert inn til Riksarkivet og Nasjonalbiblioteket i første omgang.
Nemnda vil nytte høvet til å takke Stiftinga Asta for samarbeidet til no, og ser fram til arbeidet som skal gjerast den neste tida.
Private gåver frå Tor Gabrielsen
Tor Gabrielsen er tidlegare leiar i NSEM (Noregs student- og elevmållag, sidan 1972 Norsk Målungdom) og seinare redaktør i Dag og Tid. I dag var vi så heldige å få ei stor mengd arkivmateriale i gåve. Dette er verdifullt innhald, og vi lovar å ta godt vare på det. Takk for gåva!
Gåva inneheld store mengder utgjevingar av Fram og Apropos og sakspapir frå NSEM. I tillegg fekk vi ei rekke plakatar frå 1960-talets Stabekk Elevmållag, og fleire eksemplar av lokallagsavisa Stabekk Tidend frå 1964. Av gjenstander fekk vi trykkplater til brevhovuda for NSEM og stempelet til Stabekk Elevmållag.
Dersom du har materiale frå tida di i Norsk Målungdom du ønskjer å donere til prosjektet, ta kontakt på norsk@malungdom.no.
Private gåver frå Bård Eskeland
Bård Eskeland er tidlegare leiar i Norsk Målungdom og er no tilsett i Språkrådet. Vi har vore så heldige og fått i gåve ei rekke arkivmateriale som han hadde heime hjå seg sjølv. Innhaldet stammar frå slutten av 1980-talet fram til 1991. Dette er verdifullt innhald, og vi lovar å ta godt vare på det. Takk for gåva!
Gåva inneheldt mellom anna sakspapir frå ulike sentrale organ, innleiingar, sakspapir frå Mål og Makt og Studentmållaget i Oslo, ymse utgjevingar av mellom anna Åtgaumen, Eg, og Folkemål.
Dersom du har materiale frå tida di i Norsk Målungdom du ønskjer å donere til prosjektet, ta kontakt på norsk@malungdom.no.
Sommaren er over – nemndsarbeidet i gong!
Prosjektnemnda tok sommarferie i juli, men er no tilbake på plass. Første møte etter sommaren er i kveld, og vi gler oss til å halde fram med arbeidet!
Innsamling av beretningar er i gang
Ein del av innsamlingsarbeidet til både arkivprosjektet og formidlingsprosjektet er å samle beretningar frå dei som har hatt sentrale verv i Norsk Målungdom gjennom tidene. Dette personane kan ein rekne for «tidsvitne» som kan kaste lys over korleis arbeidet til organisasjonen har fungert frå innsida. Denne innsikta frå tidlegare leiarar, sentralstyremedlemer og andre er av enorm verdi, og innsamlinga av desse blir prioritert av nemnda.
Dei siste dagane har nemnda sendt ut over 100 førespurnader, der mottakarane skal svara på ulike spørsmål knytt til deira tid i NMU. Svara har rask tatt til å tikke inn.
Denne intervjurunda er ei utviding av eit historieprosjekt som medlemsbladet Motmæle har hatt det siste året. Målet er at fleire av intervjua som blir samla inn i denne runda skal kunne bli publiserte i bladet. Du kan lesa Motmæle på nett gjennom lenka over.
Nemnda takkar for alle bidrag!
Dugnad i boksamlinga på Økern
Etter at papirarkivet blei flytta ut av lageret stod boksamlinga vår att. I dag hadde nemnda dugnad der vi gjekk igjennom samlinga og vuderte innhaldet. Noko av innhaldet blir sendt til våre samarbeidspartnarar Nasjonalbiblioteket og Riksarkivet, noko kjem for sal gjennom Norsk Målungdom, noko blir tatt vare på i eigen regi, medan det aller meste vil finne vegen heilt bort frå hyllene.
I tillegg tok vi bilete av nokre plakatar laga av Studentmållaget i Oslo gjennom tidene. Dei finn du gjennom denne lenka.
Her følgjer nokre bilete frå dugnaden:




LNU Kultur stør prosjektet
LNU Kultur er ei støtteordning som blir forvalta av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar. Dei har i dag vedtatt å stø prosjektet økonomisk. Vi takkar for støtta og ser fram til samarbeidet!

Årsmelding for nemnda
Soge- og dokumentasjonsnemnda leverte følgjande tekst til årsmelding til Norsk Målungdom for arbeidsåret 2019–2020:
Vi har halde fram arbeidet med å dokumentere organisasjonen fram mot 60-årsjubileet i 2021. Målet var i utgangspunktet å finne ut kva som skulle til for å få til ei bok til jubileet i 2021, men etter innspel frå jubileumsboknemnda konkluderte landsstyret med at dette kom til å bli vanskeleg. I staden skal organisasjonen gjennomføre eit arkiv- og formidlingsprosjekt. I perioden har vi dermed prioritert å ordne arkiva våre, med mål om å sikre soga vår og ha eit formidlingsprosjekt i jubileumsåret.
Vi har engasjert Stiftinga Asta for å gå gjennom og systematisere arkivet vårt, med mål om å kunne levere resten av papirarkivet vårt til Riksarkivet. Vi har laga oversyn over relevante arkiv, og henta arkivmateriale som var lagra utanfor det sentrale arkivet vårt. Vi har laga oversyn over kva NMU har publisert, og gitt Nasjonalbiblioteket løyve til å digitalisere gamle medlemsblad, tidsskrift og bøker. Jubileumsboknemnda har vore i kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar, tidlegare målungdommar og kjenningar av organisasjonen for å få innspel til arbeidet. Motmæle har fortsett med å intervjue tidlegare målungdommar om samskipnaden på deira tid.
Kulturrådet stør prosjektet
Kulturrådet, ved Fagleg utval for kulturvern, har i dag vedtatt å stø arkivprosjektet økonomisk. Vi takkar for støtta og ser fram til samarbeidet

Soge- og dokumentasjons-prosjektet 2021
Denne teksten er skriven av prosjektnemnda, og stod på trykk i Motmæle si første utgåve i 2020:
I 2021 fyller Norsk Målungdom 60 år. Då har vi seks tiår bak oss med engasjement og hardt arbeid for nynorsken, dialektene og føresetnadene for språket vårt i samfunnet. No er tida komen for å syne fram historia til organisasjonen.
I samband med jubileet skal Norsk Målungdom gjennomføre eit arkiv- og formidlingsprosjekt. Prosjektet skal bidra til at vi lærer meir om historia til organisasjonenog dei kampene vi har vore involverte i som organisasjon heilt sidan NMU blei grunnlagt i 1961. I tillegg vil vi formidle til alle utanfor NMU kor viktig det har vore for målsaka at unge har engasjert seg.
Historia til NMU er lite dokumentert. Det er skrive eit knippe bøker om dei eldste lokallaga. Fleire av lokallaga, slik som studentmållaga i Oslo og Nidaros, er eldre enn organisasjonen sjølv. Dette prosjektet vil bli det første som seier noko om historia til organisasjonen vår som landsdekkande ungdomsorganisasjon. Arkivet er fullt av minner om kampar og sigrar gjennom mange tiår. Dei gler vi oss til å vise fram.
To prosjekt i eitt
Heile prosjektet fram mot jubileet er delt inn i to delprosjekt: eit arkivprosjekt og eit formidlingsprosjekt.
Arkivprosjektet handlar om å skaffe orden og oversikt over arkivet etter organisasjonen. Deler av arkivet har vore levert inn til Riksarkivet, men sidan 1990-talet har det ikkje blitt gjennomført noko arbeid med dei delane av arkivet som har stått hos oss på lager. Derfor er det viktig å gå igjennom alt som finst for å sjå kva som er interessant å bevare for ettertida. Eit ordna arkiv er òg mykje meir verdifullt for organisasjonen, og ikkje minst legg eit ordentleg arkivarbeid eit viktig grunnlag for framtidig forskning på og formidling av organisasjonen si historie.
Det andre delprosjektet er eit formidlingsprosjekt, der spennande, morosame og overraskande deler av historia til organisasjonen skal bli vist fram. Her vil vi vise fram gamle tekster, bilete og historier frå dei som var aktive i NMU før oss. Innhaldet vil bli lett tilgjengeleg for alle som vil lære meir om det NMU har arbeidd med. I tillegg vil vi i samarbeid med Nasjonalbiblioteket digitalisere gamle medlemsblad, tidsskrift og bøker som NMU har laga opp gjennom historia. Dei vil bli tilgjengelege via Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Nasjonalbiblioteket har allereie digitalisert og lagt ut alle årgangane av bladet Mål og Makt fram til 2000 og fleire av bøkene NMU har gitt ut. I samband med prosjektet har dei dessutan lagt ut dei to handskrivne avisene Loke og Heidrun som medlemer i Studentmållaget i Oslo skreiv tidleg på 1900-talet.
Arkivprosjektet er i god gang
I midten av februar hadde prosjektet kome so langt at vi kunne sende arkivet frå oss til ei stifting som jobbar med å ordne arkiv. Dei heiter Asta og har erfaring med arkiv frå andre ungdomsorganisasjonar. I januar vart heile arkivet blei pakka ned i nesten seksti flytteesker og frakta til deira lokaler på Sognsvann i Oslo. Der går dei igjennom innhaldet og ser kva som er spanande å ta vare på, kva som skal digitaliserast av Nasjonalbiblioteket og kva vi ikkje skal ta vare på lenger.
Arkivet overlevert for forprosjektering
I dag blei papirarkivet overlevert til Stiftinga Asta for forprosjektering. I forprosjektet vil Asta gjera ei grovsortering og ei tilstandsvurdering av arkivmaterialet, og komma med eit tilbod på vidare arkivtenester.
Nye digitaliserte blad hjå Nasjonalbiblioteket
Nemnda jobbar med å overlevere medlemsblad og andre eigne trykk for digitalisering hjå Nasjonalbiblioteket. I dag blei dei første blada i denne prosessen tilgjengelege på nett:
Bladet Loke var eit handskrive blad gitt ut av Studentmållaget i Oslo.
To sett med utgåver av det handskrivne bladet Heidrun som blei gitt ut av Studentmållaget i Oslo: september 1912 – april 1915 og 1920–1923.
Vi takkar for samarbeidet so langt og gler oss til framhaldet!

Landsstyret har vedtatt prosjektskisse
På møtet i helga har landsstyret i Norsk Målungdom vedtatt nemnda sitt forslag til endeleg prosjektskisse, mandat og framdriftsplan.
Stiftinga Asta er valt til å gjennomføre forprosjektering av arkivmaterialet
Stiftinga Asta er eit arkivfagleg konsulenthus som tilbyr fleire arkivtenester for private og offentlege arkiv. Vi ser fram til samarbeidet!

Arkivmateriale frå Bergen har kome til Oslo
Mellom 1968 og 1977 skifta organisasjonens sentralstyre og skrivarstove (sekretariat) mellom å vera i Oslo og i Bergen. Grunnane til dette den gongen var interne konfliktar. I dei periodane skrivarstova var i Bergen blei det naturleg nok produsert arkivmateriale som sidan har blitt ståande i byen ulike plassar.
I august 2019 gjorde nemnda eit arbeid med å lokalisere og samle det vi kjenner til av arkivmateriale etter organisasjonens sentralledd. Mye var samla i lokala til BUL Ervingen, men og delar på Riksarkivet og på UiB.
Frå i dag er dette materialet kome til Oslo og blir slått i hop med resten av organisasjonens arkiv.
