Årsmelding for nemnda

Soge- og dokumentasjonsnemnda leverte følgjande tekst til årsmelding til Norsk Målungdom for arbeidsåret 2019–2020:

Vi har halde fram arbeidet med å dokumentere organisasjonen fram mot 60-årsjubileet i 2021. Målet var i utgangspunktet å finne ut kva som skulle til for å få til ei bok til jubileet i 2021, men etter innspel frå jubileumsboknemnda konkluderte landsstyret med at dette kom til å bli vanskeleg. I staden skal organisasjonen gjennomføre eit arkiv- og formidlingsprosjekt. I perioden har vi dermed prioritert å ordne arkiva våre, med mål om å sikre soga vår og ha eit formidlingsprosjekt i jubileumsåret. 

Vi har engasjert Stiftinga Asta for å gå gjennom og systematisere arkivet vårt, med mål om å kunne levere resten av papirarkivet vårt til Riksarkivet. Vi har laga oversyn over relevante arkiv, og henta arkivmateriale som var lagra utanfor det sentrale arkivet vårt. Vi har laga oversyn over kva NMU har publisert, og gitt Nasjonalbiblioteket løyve til å digitalisere gamle medlemsblad, tidsskrift og bøker. Jubileumsboknemnda har vore i kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar, tidlegare målungdommar og kjenningar av organisasjonen for å få innspel til arbeidet. Motmæle har fortsett med å intervjue tidlegare målungdommar om samskipnaden på deira tid.