Gode mållag!
Norsk Målungdom blir 60 år i 2021, og har då bak seg seks tiår med målstrid, språkpolitikk og ungdomleg mobilisering. Til jubileet har vi sett oss eit mål om å få ordna arkiva våre og få til ei skikkeleg framstilling av soga til organisasjonen. Historia til og om NMU er lite dokumentert. Det er skrive fleire bøker om nokre av dei største lokallaga, som sjølvsagt gjev eit bilete av resten av samskipnaden. Men det finst ikkje ei større, samla framstilling av ungdomsorganisasjonen frå 1961 til tida vår.
Ved årsskiftet blei første del av prosjektet ferdig. Arkivet etter Norsk Målungdom blir no teke vare på av profesjonelle ved Riksarkivet og ved Nynorsk kultursentrum i Ørsta. Det har vore eit stort og viktig skritt på vegen.
No kontaktar vi alle lokallaga i Noregs Mållag for å be om økonomisk støtte til den siste delen av prosjektet, nemleg utgjevinga av ei bok. Boka skal gje eit innblikk i soga til organisasjonen, og vil ta opp mange tema og aksjonar som vi reknar med mange som i dag er med i «vaksenmållaga» vil kjenne seg att i. Vi håpar de har høve til å støtte prosjektet vårt.
Boka skal innehalde både lengre artiklar, intervju og kortare tekstar. Vi engasjerer forfattarar med gode pennar og med røynsle frå organisasjonen til å skrive tekstar til boka. Målet er at boka skal gje eit godt innblikk i soga til organisasjonen, og vise kor viktig Norsk Målungdom har vore for målsaka og samfunnsutviklinga dei siste seksti åra. Vi har sett ned eit redaksjonsråd som skal kome med innspel til forfattarane, og som er med på å bestemme korleis boka skal vera, både i form og innhald.
Utgjevinga er planlagt til oktober. De kan lese meir om prosjektet på prosjektbloggen vår her. De er sjølvsagt og velkomne til å kontakte oss på e-post.
Dersom mållaget dykkar har høve til å stø prosjektet økonomisk, set vi stor pris på dette. Alle bidrag er like kjærkomne. Vi ber dykk om å setje over pengar til kontonummer 3450.65.48707. Marker innbetalinga med JUBILEUM og namnet på lokallaget.
Alle mållag som stør prosjektet får namnet sitt i boka. Dei laga som gjev 500 kroner eller meir vil få boka tilsendt. Du kan sjå kva mållag som har løyvd pengar nedst på denne sida (lenke).
Med venleg helsing prosjektnemnda
Fredrik Hope
Kirsti Lunde
Karl Peder Mork
Martine Rørstad Sand
Janne Nygård