Soge- og dokumentasjons-prosjektet 2021

Denne teksten er skriven av prosjektnemnda, og stod på trykk i Motmæle si første utgåve i 2020:

I 2021 fyller Norsk Målungdom 60 år. Då har vi seks tiår bak oss med engasjement og hardt arbeid for nynorsken, dialektene og føresetnadene for språket vårt i samfunnet. No er tida komen for å syne fram historia til organisasjonen. 
    I samband med jubileet skal Norsk Målungdom gjennomføre eit arkiv- og formidlingsprosjekt. Prosjektet skal bidra til at vi lærer meir om historia til organisasjonenog dei kampene vi har vore involverte i som organisasjon heilt sidan NMU blei grunnlagt i 1961. I tillegg vil vi formidle til alle utanfor NMU kor viktig det har vore for målsaka at unge har engasjert seg. 
    Historia til NMU er lite dokumentert. Det er skrive eit knippe bøker om dei eldste lokallaga. Fleire av lokallaga, slik som studentmållaga i Oslo og Nidaros, er eldre enn organisasjonen sjølv. Dette prosjektet vil bli det første som seier noko om historia til organisasjonen vår som landsdekkande ungdomsorganisasjon. Arkivet er fullt av minner om kampar og sigrar gjennom mange tiår. Dei gler vi oss til å vise fram. 

To prosjekt i eitt
Heile prosjektet fram mot jubileet er delt inn i to delprosjekt: eit arkivprosjekt og eit formidlingsprosjekt.
    Arkivprosjektet handlar om å skaffe orden og oversikt over arkivet etter organisasjonen. Deler av arkivet har vore levert inn til Riksarkivet, men sidan 1990-talet har det ikkje blitt gjennomført noko arbeid med dei delane av arkivet som har stått hos oss på lager. Derfor er det viktig å gå igjennom alt som finst for å sjå kva som er interessant å bevare for ettertida. Eit ordna arkiv er òg mykje meir verdifullt for organisasjonen, og ikkje minst legg eit ordentleg arkivarbeid eit viktig grunnlag for framtidig forskning på og formidling av organisasjonen si historie.
    Det andre delprosjektet er eit formidlingsprosjekt, der spennande, morosame og overraskande deler av historia til organisasjonen skal bli vist fram. Her vil vi vise fram gamle tekster, bilete og historier frå dei som var aktive i NMU før oss. Innhaldet vil bli lett tilgjengeleg for alle som vil lære meir om det NMU har arbeidd med. I tillegg vil vi i samarbeid med Nasjonalbiblioteket digitalisere gamle medlemsblad, tidsskrift og bøker som NMU har laga opp gjennom historia. Dei vil bli tilgjengelege via Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Nasjonalbiblioteket har allereie digitalisert og lagt ut alle årgangane av bladet Mål og Makt fram til 2000 og fleire av bøkene NMU har gitt ut. I samband med prosjektet har dei dessutan lagt ut dei to handskrivne avisene Loke og Heidrun som medlemer i Studentmållaget i Oslo skreiv tidleg på 1900-talet.

Arkivprosjektet er i god gang
I midten av februar hadde prosjektet kome so langt at vi kunne sende arkivet frå oss til ei stifting som jobbar med å ordne arkiv. Dei heiter Asta og har erfaring med arkiv frå andre ungdomsorganisasjonar. I januar vart heile arkivet blei pakka ned i nesten seksti flytteesker og frakta til deira lokaler på Sognsvann i Oslo. Der går dei igjennom innhaldet og ser kva som er spanande å ta vare på, kva som skal digitaliserast av Nasjonalbiblioteket og kva vi ikkje skal ta vare på lenger.