Gjennom tidene har organisasjonen og lokallaget uttrykt seg gjennom plakatar og banner. Her finn du eit lite utval i påvente av ordentleg digitalisering.
Studentmållaget inviterer til møte. Halvdan Koht og Jakob Sande gjestar. Dato ukjent.
Verveplakat frå Studentmållaget i Oslo.
Møte med tema om litteraturkritikk og -formidling. Ragnvald Skrede har lyrikar, lærar og kritikar i både VG og Dagbladet.
Invitasjon til ein av dei tradisjonalle grautkveldane med Studentmållaget i Oslo. Ingrid Espelid var gjest. Det var graut, heimebrygga øl og dans på programmet.
Vegard Sletten var mellom anna leiar i Noregs Ungdomslag 1947-1955, og ansvarleg redaktør i VG 1967-1977 og ein aktiv målmann. På dette møtet går ordskiftet om «Det nye Finnmark».
I kjølvatnet av Hans Jacob Nilsens oppsetning av Peer Gynt på Det norske teatret i 1947, der han sjølv spelte hovudrolla, inviterte Studentmållaget i Oslo til debatt. Oppsetninga, som var den første Ibsen-tolkinga på nynorsk, skapte stor debatt, ikkje minst på grunn av Nilsen si tolking og bortfallet av Griegs musikk til fordel for musikk skriven av Harald Sæverud.
Severin Eskeland var rektor ved lærarskolen på Stort frå 1917-1950, og aktiv målmann. Mellom anna sat han i styret i Noregs Mållag. Han publiserte fleire lærebøker på nynorsk i fysikk, norsk og historie.