Publisert materiale

På denne sida finn du digitalisert materiale som er produsert av Norsk Målungdom sentralt eller av lokallaga opp igjennom tidene.

Delar av dette materialet er ope og tilgjengeleg for alle, medan noko framleis berre er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket.


Heidrun var eit handskrive blad som blei gitt ut av Studentmållaget i Oslo den første tida etter skipinga. Bladet var nemnt i lovene, og det skulle kome ei ny utgåve til kvart møte. Det første nummeret er dagsett til 28. november 1900. Det siste nummeret av Heidrun blei lese opp på eit møte våren 1926. Desverre finst ikkje alle utgåvene bevarte. Nasjonalbiblioteket har digitalisert blada frå september 1912 til april 1915 og 1920–1923 (lenker).


Loke var eit handskrive blad som blei gitt ut av Studentmållaget i Oslo ein gong i lagets tidlege år. Bladet finst digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket her (lenke).


Medieordlista er ei ordliste med nynorske fagomgrep for film- og medievitskap, og blei gitt ut av Studentmållaget i Nidaros i 2005. Den digitaliserte utgåva kan for tida berre bli opna i Nasjonalbiblioteket sine lokale.


Realfagsordlista er ei ordliste med nynorske fagomgrep innan realfaga, og blei gitt ut av Studentmållaget i Nidaros i 2005. Den digitaliserte utgåva kan for tida berre bli opna i Nasjonalbiblioteket sine lokale.


Studentmållaget i Oslo har gitt ut fleire hefte og bøker om soga si. Den største av desse er Studentar i målstrid, som kom ut til 100 års-jubileet. I tillegg blei det gitt ut bøker til jubilea i 1920 og 1935: Studentmaallaget i 20 aar og Studentmållaget i Oslo 35 år. Studentar i målstrid er for tida berre tilgjengeleg i Nasjonalbiblioteket sine lokale.


I 1982 gav Studentmållaget i Oslo ut boka Språkundertrykking. Boka inneheld ein del av føredraga på seminaret med same namn, som blei arrangert av laget i 1980.


Studentmållaget gav ut heftet Norsk målreising i dag i 1949. Heftet er for tida berre tilgjengeleg i Nasjonalbiblioteket sine lokale.


Norsk Målungdom har gitt ut fleire ulike medlemsblad. Nokre av desse finst digitalisert hjå Nationalbiblioteket, mellom anna NMU-nytt, Målfront og Motmæle. Det kjem stadig til nye digitaliserte utgåver her.


I august 1967 arrangerte Studentmållaget i Oslo den internasjonale konferansen The European Conference on Lingual Minorities. I 1969 blei boka Lingual Minorities in Europe med somme av føredraga i tillegg til andre relevante artiklar gitt ut på Samlaget.


I 2000 gav studieutvalet i NMU ut Lagshandboka. Då hadde arbeidet heldt på over fleire år. Handboka inneheld både gode argument for å organisere seg, samt tips og råd for lagsarbeid og lagsbygging.


Studieutvalet gav i 1999 ut heftet Målføri og nynorsken, eit studiehefte i samband med skrivinga av eit politisk program med same namn. Programmet drøftar organisasjonens politikk kring dialektspørsmål og sambandet mellom dialekt og skriftspråk. Programmet Målføri og nynorsken gjennomgjekk ein større revisjon i 2013, og blei erstatta av programmet Talemålet og nynorsken i 2014.


Sidemål – «wasted time?» er namnet på ein pamflett Norsk Målungdom gav ut i 2001. Pamfletten diskuterer eit av dei viktigaste temaa som organisasjonen har arbeidd med, nemleg sidemålsundervisninga.