Arkivmateriale frå Bergen har kome til Oslo

Mellom 1968 og 1977 skifta organisasjonens sentralstyre og skrivarstove (sekretariat) mellom å vera i Oslo og i Bergen. Grunnane til dette den gongen var interne konfliktar. I dei periodane skrivarstova var i Bergen blei det naturleg nok produsert arkivmateriale som sidan har blitt ståande i byen ulike plassar.

I august 2019 gjorde nemnda eit arbeid med å lokalisere og samle det vi kjenner til av arkivmateriale etter organisasjonens sentralledd. Mye var samla i lokala til BUL Ervingen, men og delar på Riksarkivet og på UiB.

Frå i dag er dette materialet kome til Oslo og blir slått i hop med resten av organisasjonens arkiv.

Eit pengeskrin var ein del av arkivinnhaldet som blei frakta frå Bergen til Oslo.