Norsk Målungdom (NMU) blir 60 år i 2021, og har då bak seg seks tiår med målstrid, språkpolitikk og ungdommeleg mobilisering. Landsmøtet til NMU har sett som mål at vi til jubileet skal få ordna arkiva og få ei skikkeleg framstilling av soga til organisasjonen. Historia til og om NMU er lite dokumentert. Det er skrive fleire bøker om nokre av dei største lokallaga, som sjølvsagt gir eit bilete av resten av samskipnaden. Men det finst ikkje ei større, samla framstilling av ungdomsorganisasjonen frå 1961 til tida vår.
I november 2019 godkjente Landsstyret i NMU ei prosjektskisse som skildra eit arkiv- og formidlingsprosjekt. Prosjektet er delt i to der arkivprosjektet og formidlingsprosjektet er to delar som byggjer på og utfyller kvarandre.
Denne prosjektbloggen gir eit innsyn i arbeidet med desse to delprosjekta, og viser veg mot det ferdigstilte produktet. Prosjektet skal i sin heilskap vera ferdig i jubileumsåret 2021.
Prosjektet sitt overordna mål er:
Norsk Målungdom har innan utgangen av jubileumsåret 2021 gjennomført eit arkivprosjekt som ordnar og supplerer det eksisterande arkivet etter organisasjonen, og eit formidlingsprosjekt som presenterer dei mest formidlingsverdige delane av soga til ålmenta.
Delmål
I tillegg har nemnda formulert fem delmål for dei to delprosjekta. Arkivprosjektet svarar til dei tre første, dei to siste høyrer til formidlingsprosjektet.
– Arkivet etter Norsk Målungdom er samlokalisert, sortert og ordna. Aktuelt materiale er avlevert til relevante institusjonar.
– Arkivet og anna materiale etter Norsk Målungdom er tilgjengeleg. Delar av dette materialet er digitalisert.
– Det er samla inn meir materiale om historia til Norsk Målungdom.
– Nokre av dei mest formidlingsverdige delane av organisasjonens historie er presentert for ålmenta.
– Det gjennomførte arkivprosjektet legg til rette for framtidige forskings- og formidlingsprosjekt om organisasjonens historie.
Soge- og dokumentasjonsprosjektet er skildra i prosjektskissa som blei godkjent av landsstyret i november 2019. Merk at enkelte av punkta har blitt brigda i ettertid. Kontakt nemnda om du ønskjer utfyllande informasjon.
