Redaksjonsrådet blei sett ned i desember 2020, og arbeider med korleis dei skriftlege framstillingane i prosjektet skal vera, både i form og innhald. Redaksjonsrådet gir og respons på tekstar som skal publiserast. Ein medlem i prosjektnemnda fungerer som skrivar for redaksjonsrådet.
Desse er med i redaksjonsrådet:
Marit Aakre Tennø (leiar). Tennø var aktiv i Studentmållaget i Oslo, og har vore dagleg leiar i Kringkastingsringen. Ho jobbar i dag som rådgjevar i Noregs Mållag, og sit som varaordførar i Luster for Senterpartiet.
Grete Riise. Riise har hatt mange verv i målrørsla, men viktigast av alt var ho sentraltyremedlem i Norsk Målungdom på byrjinga av 1970-talet. Ho har òg vore dagleg leiar i Noregs Mållag, og jobbar i dag som senriorrådgjevar hjå Fylkesmannen i Vestland.
Guro Kvalnes. Kvalnes var leiar i Kringkastingsringen frå 2016–2019. Ved 150-årsjubileet til Somlaget var ho tilsett som prosjektleiar. Ho jobbar i dag som rådgjevar ved Kraftmuseet i Tyssedal.
Gaute Eiterjord. Eiterjord var leiar av Natur og ungdom frå 2018–2020.
Magnus Bernhardsen. Bernhardsen var leiar i Norsk Målungdom frå 1998–2000. Han har seinare jobba som konsulent i Noregs Mållag.